Medisinering

Medisinering innen mental helse er eit omstridt tema, eg (Maria) har både nekta å ta medisin og tatt medisin. So i dag tenkte eg å snakke litt om mine tankar og erfaringar rundt det.

Frå eg fekk diagnosa som bipolar, har eg fått tilbud og anbefalingar om å ta i mot medisinering. Eg var veldig redd for medisinar og nekta å ta i mot dette tilbudet. Eg var livredd for at eg skulle miste meg sjølv om eg blei medisinert. At eg skulle bli eit tomt skall av meg sjølv. Og vere for neddopa til å kunne seie eg ville slutte på medisinar sjølv. Derav bli fanga i eit skall av meg sjølv, for resten av livet. Og miste alt, alle følelsane mine, ikkje lenger kunne kjenne hat, kjærligheit, sinne, tristheit eller glede. At alt skulle vere vekke for alltid.

14976224_10153810206412315_815629742_oLegane sa det ikkje kom til å bli sånn, men eg var ikkje ein gong villig til å diskutere det.

Eg klarte meg i mange år heilt OK, uten medisinar. Synest eg sjølv. Heilt OK, betydde at det ikkje drap meg å leve som eg gjorde. Eg sov sjelden, men nok til å leve på. Eg spiste dårlig og lite, men nok til å halde meg oppegåande. Eg følte ALT. Veldig. Eg krangla, elska, hata og sørga. Og følte det var alt som var viktig. At eg kunne føle.

I 2015 datt verden min sammen. Eg hadde haldt det gåande på kanten lenge. For ustabil, fysisk og psykisk. Eit par små ting gikk feil vei for meg. Og alt raste ned. Eg spiste ikkje lenger nok til å halde meg oppegåande. Eg sov ikkje nok til å fungere. Og eg følte ingenting.

Eg var sengeliggande, lenge. Eg snakka kanskje eit par ord dagen, på ein god dag, eg smilte ikkje, log ikkje, hulka ikkje. Men no og då rant tårer stille ned på ansiktet mitt. Det var lammande angst for alt. Livet var berre angst. Alle menneske gav meg angst, tankar gav meg angst, syn gav meg angst.

Dette var ei dårlig tid. Forhåpentligvis den dårligaste tida eg skal ha i livet mitt.
Og denne tida førte til at eg blei innlag på Akutt Psykiatrisk avdeling i Ålesund. Dei gav meg ein pille. Og eg sov i 16 timar i strekk.

Sjølvmord er statistisk 30 gongar meir sannsynelig om du er Bipolar. Det blir sagt at 30% av bipolare prøvar å ta sjølvmord, og 20% er vellykka. Dette kan blir drastisk redusert ved hjelp av medisinering og behandling. Det er meldt spesielt positive resultat ved bruk av Lithium. Ta kontakt med legen din om du slit med dette, det kan redde livet ditt.

Eg sa meg enig i å starte medisinering der og då. Kva hadde eg å miste lenger. Dei starta meg på stemningsstabiliserande og antidepressive medisinar. Eg blei der ut veka, so blei eg sendt heim for å øke doser i fred og ro (med hjelp frå familie).

Sakte men sikkert blei eg meir og meir fungerande igjen. Etter eit par mnd stod eg opp og spiste. Ikkje masse, og eg låg fortsatt masse i senga. Men det var ein start.

Sidan då har eg gått opp og ned i doser og byttar medisinar. Monge gongar.

Legane har vert veldig flinke, eg har fått bytta medisin om eg følte meg uvel av noko som helst. Eg har fått konstant oppfølgning når eg øker eller minskar doser. Og eg har komt i land med medisinar som fungerar for meg. Eg har ein nesten normal kvardag. Eg klarer å stå opp, eg klarer å ta vare på dyra mine, og eg klarer til og med å ta deltids kurs for å bli hundetrenar.

Der er baksider med medisinering. Du kan føle deg dårlig i lange perioder menst medisinar blir tilpassa. Og du kan bli dårlig på andre måtar. Eg har fått eit par allergiar pga mine medisinar. MEN, hadde det ikkje vert for medisinering hadde eg ikkje levd i dag. Enten hadde eg sakte drept meg sjølv med ingen mat eller søvn, eller meir effektivt, med ein kniv. Det som er sikkert er at hadde eg ikkje fått medisinering når eg gjorde, hadde eg ikkje vert her lenger. Medisinar redda livet mitt.

Du kan for all del vere skeptisk til medisinering, men om du er so dårlig eller kjenner nokon som er at det står om liv, er det verdt eit forsøk.

14963509_10157664006330693_935290180_oEg mista ingen følelsar av å starte på medisin. Eg fikk berre bedre evne til å takle dei.

/Maria

«Kva har du fått i deg, Maria?!»

Det er eit spørsmål eg har høyrt ein del gongar. Eit par har vært oppriktig bekymra over at eg har fått i meg rusmiddel uten å fortelle det.

Når eg er «oppe», er ikkje det noko som betyr eg er stabil og har det bra i forhold til depresjonar. Oppturane kan bli minst like slitsomme som nedturane.
Eg har fleire hundre tankar i gong til kvar tid. Det følest som ei summing i haudet. Men ikkje ei summing, som ein lyd. Berre ei summing som ein følelse.
Konstant stille støy i hjerna. So fort du klarer å sortere ein tanke, eller gjere den tingen du ikkje klarer å slutte å tenke på, so er der 4 nye ting du MÅ gjere, eller du MÅ tenke på.

aaeaaqaaaaaaaaavaaaajgi3ndazzjywlwywyzgtngflmy1izjq2ltyyn2jkm2iyngiyoa

Eg har blitt veldig glad i lister. Handlelister, dagens to-do lister, ting eg må huske å seie til folk, ting eg må huske å sjå, alt må sorterast.

Snakking kan bli vanskelig. Eg tenker litt fortare enn alle andre, og ingen heng heilt med, og eg slit med å forklare fordi eg må seie alt so fort, fordi å snakke tek vekk tida mi til å gjere ting.

Gode idear, og mindre gode idear, kjem i hundrevis per dag. Nokon store, nokon små. Flytte på ein pyntegjenstand fordi den ikkje var på «rett» plass, gjerne fleire titals gongar på samme gjenstand i løpet av ein dag. Til å bestille matrialer til å bygge møblar, til å male om rom, til å kjøpe ting, reiser plassar. Alt MÅ gjerast NO. Ikkje om ein time. Då vil ikkje eg gjere samme ting lenger. Vi må gjere det NO. Og når det er gjort er der ein ny ting vi MÅ gjere NO. Sånn går dagane. Eg spring rundt frå morgon til kveld, idè etter idè, tanke etter tanke.

Eg blir totalt utamatta. Eg vil gjere alt, nei, eg MÅ gjere alt. Men eg er so trøtt. Når eg endelig føler vi har gjort nok i dag, er klokka 2 om natta, og eg klarer ikkje sove. Eg er våken, men sliten. Ekstremt sliten, men ekstremt våken. Eg sovnar til slutt, søv urolig, våknar fleire gongar, men søv. Og so startar det på nytt. Ein dag til. Ein dag til med tankar, men ord, med idear, med planar, med stress, og utmattelse. Ein indre utmattelse. Som om sjela mi er sliten. Kroppen er klar. Men sjela mi vil ha fred.

Nokon seier dette er den «gøy» delen av Bipolaritet. Fordi vi kan tenke fort, gjere ting effektivt, og bli veldig kreative. Men eg, og sjela mi, vil heller kvile.

/Maria

Bipolar, å leve livet som litt gal

I dag vil eg (Maria) fortelle litt om Bipolar lidelse, og kordan eg opplever det i kvardagen.

Bipolar er ikkje ei sinnstemning, det handlar ikkje berre om humørsvingningar. Det handlar om at hjerna mi fungerar anneledes enn di. Hjerna mi let følelsane bestemme. Hjerna mi sluttar å bruke den delen av hjerna som seier ting som «Ikkje gå ut i togbana når toget kjem». Den går over til å seie «greit nok toget kjem, men SJÅ den fine blomsten som er på andre sida! Du MÅ ha den!»

Eg har eit par arr etter sånne fine tilfeller. (Ikkje spesifikt tog da, då hadde eg vært litt for flat til å blogge).

bipolar-spectrum

Der er to typar Bipolar, I, og II, Bipolar I vil seie at pasienten har gått inn i mani. Bipolar II vil seie at pasienten ikkje har gått over Hypomani, som er ein mildare versjon av mani. Eg her heldigvis enda mani-fri. Det vil seie eg er berre litt gal som eg sjølv likar å kalle det.

Min Opplevelse

Bipolaritet er ikkje noko eg tenker over i kvardagen. Men det er ikkje fordi det ikkje har ein effekt på kvardagen, det er fordi eg har levd med dette so lenge eg kan huske. Eg var endten født bipolar, eller so har eg utvikla det ekstremt tidlig. Det er umulig å vite sidan eg ikkje fekk diagnosa før eg var 18. Det har vært depresjon og «tomheit» eg har slete mest med, men har mine hypomaniske episoder. Ofte trigga av stress.

Eg sleit gjennom heile barndommen, når du ser for deg ein trassig, sta, og emosjonell ungdom, sånn var(og er) eg gjennom heile oppveksten. Men ikkje berre var eg vanskelig, eg fikk panikkangst ved tilfeller av å skulle gjennomføre heilt dageligdagse ting.

I veldig monge år blei eg kalt ein lat, bortskjemt unge. Dei sa eg måtte ta meg sammen, og mamma måtte være strengare. Dessverre for alle involverte, hjalp ingenting dei prøvde. Eg fikk aldri gjennomført barneskulen, og eg hadde ingen sjangse å henge med i ungdomskulen. Og psykdommen min blei verre og verre.

Når eg endelig fekk diagnosa som 18-åring, blei alt litt lettare, for vi kunne vertfall forholde oss til ei diagnose. Eg prøvde sakte men sikkert å få tilbake livet mitt, og klarte meg relativt bra umedisinert, so lenge eg kunne ta hensyn til mi eiga mentale helse i kvardagen.

Eg hadde eit stort tilbakefall i 2015, og blei veldig masse dårligare enn eg hadde vært før. Etter det har eg vært ganske tungt medisinert, og begynder no å stabilisere meg.

Takket være ein fantastisk kjæreste, to fine hundar, ein demonkatt, og masse frisk luft, blir eg no bedre for kvar dag. Eit stabilt liv, og trygge omgivelsar, gjer at hjerna mi slapper meir av, og ting roar seg innvendig.

Her er link til eit bokprosjekt eg var med på der eg og 6 andre bipolare snakkar om våre liv med bipolaritet. «Drøm i våken tilstand«. Forfattaren har og blogga om tidligare intervju i avisen Vestlandsnytt her! Eg har og skreve en del på Mental Helse Norge sin blogg.

/Maria

480540_10151286626252315_1736562844_n