I dag ville vi snakke litt om det å vere suicidal. Det virkar som monge har missforstått kva det er å vere suicidal.

Å vere suicidal er ikkje det at du ligg i senga di, ser på bilder av dine nærmaste, og tenker «eh, dei klarer seg fint utan meg og», for so å ta ditt eige liv.
Å vere suicidal er å ikkje orke å eksistere lenger. Suicidal er ein egoistisk sinnstilstand. Livet er so jævlig at du ikkje kan tenke. Ikkje kan sjå anna enn mørke. Ikkje kan føle noko anna enn smerte, og tomheit.
Sjå for deg at du er låst inne i eit mørkt rom, du sit på eit kaldt og vått golv, naken, sårbar, der er ingenting. Ingenting anna enn mørke, og ei dyster tristheit hengange i lufta. Ein endeløs sorg, det svir i brystet kvar gong du pustar. Du vil berre grine, hyle, og forsvinne.
Sånn har vi det, ofte i dagar, veker, månder sammehengande.
Greit nok vi sitt ikkje fysisk i dette rommet, men sinnet vårt gjer.
Dette er alt som finst, i bakgrunnen av dette kan vi vagt høyre stemmene til dei rundt oss. Alt vi ser, er gjennom eit slør, eit slør som gjer alt litt mørkare, og fargane mindre klare. Slit med å halde fokus, slit med å halde samtaler, slit med å leve.
Lyden er dempa. Synet er svagt. Følelsar numme. Alt det «virkelige» som skjer rundt oss, følest som du ser på ein film. Ein film du egentlig ikkje har lyst å sjå. Du ligg i det mørke og kalde rommet ditt, menst ein film av lykkelige mennesker blir spelt for deg.
Det er sånn det følest.

Nokon av oss klarer ikkje denne kampen, den er slitsom, og lang, nokon gongar kjem den aldri heilt til å forsvinne.
Men vi prøvar. Vi prøvar vårt beste. For deg. For familien vår, for kjærestar, for vennar. Vi kjempar for dokke. Ikkje sei vi må ta oss sammen og tenke positivt. Vi prøvar so hardt vi kan.
Kvil i fred, til alle som har tapt denne kampen.
Kjemp vidare, til alle som fortsatt slit.
♥
/Maria & Veronika