Når angsten blir realitet.

Dei fleste rundt oss veit det nok, men Maria sin hund Gaul, blei truffe av ein bil i 80kmt på Mandag som var. Sterk som han er, overlevde han, og viser ingen tegn for varige fysiske, eller psykiske skader.

Han satt igjen med kraftig hjernerystelse, skada brusk i bihulene, eit djupt kutt i panna, skade på auge, og nokon små skrubbsår her og der.

14876033_10153788433817315_560107966_o

At han overlevde er noko vi alle er utrulig glad for, men og sjokkert overt. At han slapp unda med so «små» skader, er nesten ikkje til å tru.

Vi var ute i skogen, med alle hundane, og lot dei springe rundt, leike, og drive godbitsøk. Alle var glade, og eg sukka lykkelig, og sa «det er so uendelig godt å sjå dei alle få springe og leike i skogen». Når det var på tide å gå i bilen for å kjøre heim, sendte eg dyra ut for å springe ei siste runde rundt på området, det var mørkt, men dei haldt seg alltid innanfor lengda haudelykta rakk. So vi haldt auge med dei. Vi ropte dei inn for å samle dei, Sabè kom fort, Wicket var rett bortanfor, men Gaul snudde ikkje.
Vi prøvde å halde positiv stemning, og lokke fint, og kasta ut eit godbitsøk nær oss, men det virka ikkje som han høyrte oss. Han forsvant ut av synet vårt. Vi var eit stykke frå vei, so vi vandra rundt i skogen og lokka ei stund, i håp om at han berre ville springe litt til.
Vi veit ikkje kvifor han pluttselig ikkje høyrte på oss. Etter ei stund gav vi opp og prøvde finne spor av han, som vi fort såg hadde gått i full fort mot hovedveien.

Det gikk relativt fort å finne han då, ettersom han sprang langs veien. Eg hoppa ut, og fikk halvveis fokusert oppmerksomheita hans på meg, men han var tydelig stressa. I mi vurdering hadde noko skremt han, som gjorde at han sprang avgårde. For han var ikkje lykkelig ute på tur vertfall.

Etter litt fikk eg roa han sopass at han jogga sakte rundt der eg satt i grøfta, Jørgen stod med bilen langs veien, og det gjorde at bilar kjørte sakte og forsiktig rundt. So eg lokka, med godbitar, finaste stemma eg klarte å lage, og dempande signal for å få han rolig nok til at eg fikk tak i han. Det tok eit par minutt, men eg klarte å få han nesten inn til meg, so skvatt han av bilen, so Jørgen bestemte seg for å kjøre vekk, so ikkje Gaul skulle føle bilen var påtrengande. Her trur eg problemet skjedde. Bilane såg Jørgen kjøre vekk, og gikk nok ut i frå at eg hadde fått tak i Gaul. Eg satt vell 2 meter unda veien, og prøvde å halde Gaul ut mot grøfta. Men i det ein bil kjørte forbi, jogga Gaul ei ny runde rundt meg, akuratt for longt vekke til at eg kunne nå tak i han, og mot veien.

Heldigvis sprang ikkje han lenger, han hadde begyndt å roe seg, so han gikk relativt sakte ut i veien. Frontlykta traff han rett i skallen. I høg fart.

IMG_20170116_224046_961.jpg

Eg huskar lukta, av blod, metall, asfalt, snøv, avføring. Lyden når han traff. Og lyden av Gaul sine skrik. Eg blir kvalm berre av å skrive det no.

Aller helst ville eg berre legge meg ned, der og då, og grine. Eg ville ikkje sjå på Gaul, eg ville ikkje snakke med mannen i bilen, eg ville ikkje ta han  med til vetrinær, eg ville ikkje reise heim uten han…

Gaul rulla rundt i grøfta, eg gikk bort, og tenkte No bit han meg, men faen heller. Eg tok tak i han, og haldt han i ro. Eg snakka fint til han, prøvde å hørest beroligande ut, men eg fikk sovidt puste.

So stod vi der, eg satt og klappa han, han grein. Det rant blod frå auge hans, nese og panna. Det var masse blod. Men han satt oppe i vertfall, eg tenkte det må være bra. Det føltest som vi satt der i 20minutt før Jørgen kom med bilen, i ettertid innser eg at det var nok sekund.

Mannen som kjørte på han var relativt ødelagt sjølv. Han kom bort for å snakke, eg klarte ikkje snakke. Eg gav tlf nr mitt til mannen, og sa om og om igjen til Jørgen, Få Gaul i bilen, få Gaul i bilen. Eg trudde han kom til å dø lenge før vi kom fram til vetrinæren.

Vi fikk han med oss heim ❤

img_20170117_003453_128

Gaul hadde veldig vondt, men virka normal mentalt, so normal han kan vere etter å ha blitt påkjørt. Og ingen problem med motorikken. Eit par sting, godt rensa sår, og brusk, hjernescan, og undersøkelse av so og sei alt. Han fikk sterke smertestillande, og beskjed om å kvile, og komme igjen dagen etter for ny vurdering. Han sov, og låg for det meste heilt stille det fyrste døgnet. Dei sa det såg veldig positivt ut på ny vurdering, og vi fikk med oss antibiotika og meir smertestillande. Fred. Ro. Smerte. Det var dei neste par dagane.

På dag fire begyndte vi å sjå tegn på bedring. Han var meir oppmerksom, litt nyskjerrig på kva vi dreiv med, men fortsatt mest opptatt med å sove. Vi kjem til å bruke litt tid på å få han til å føle seg heilt heime igjen. For at vi har tvinga han til stelling av sår, har han ikkje sett pris på. Men i han har endelig søkt kontakt med oss igjen. Ikkje ofte, og ikkje masse. Men litt, og litt, er faktisk masse no ❤

img_20170120_121943_254

Gaul blir nok bra igjen før vi veit ordet av det. Han er sterk. Og ufattelig fin, både inni og utanpå. ❤

So er det den menneskelige delen av kaoset. Eg. Eg har angst, det veit dei fleste. Det ikkje alle veit er at eg har generel angst, eg har litt angst for nesten alt i heile verden. Ein kan vell kalle meg ganske paranoid. Eg har og store angst problem til tider, men i kvardagen er det litt livredd for at alt som kan gå gale, skal gå gale. Alltid. Eg trur vi skal kræsje kvar gong vi sett oss i bilen. Eg trur forloveden min er dø kvar gong han er vekke. Om han er vekke når det er avtalt og, ting kan no skje. Dyra mine kjem til å drepe kvarandre for ein eller anna magisk grunn om eg ikkje ser på dei. Alle fly eg går på kjem til å styrte. Alle middager eg lagar kjem til å vere eit eller anna sjukt gale med ein ingrediens so folk dør.

Dette er ofte min kvardag. Til vanelig, er dette berre ei lita stemme bakerst i hjerna, som seier heilt lavt av og til at sånt kjem til å skje. Andre dagar er det nokon som ropar om og om igjen, NO DØR DU NO DØR DU NO DØR DU.
Eg har utvikla ein måte å takle det på, å det er å vere komfortabel med at eg kan faktisk dø, men det er greit. Er det mi tid, so er det mi tid.

Problemet et at eg ikkje er der med familie, vennar, og dyra mine. Ikkje litt ein gong. Kvar dag sidan ulykka har Sobril vert min beste venn. Eg kan sitte å sjå ein film, og pluttselig høyrer eg den lisje surklelyden i pusten til Gaul, og eg blir kvalm, og får skjelvningar, og opplever det heile igjen. Eg slit med å vere tilstede, fordi eg vil ikkje, eg vil tilbake til før det skjedde.20170120_142152

Men det kan ikkje eg. Eg må hjelpe Gaul igjennom dette. Vi skal få til. Han skal bli heilt bra igjen, og han skal bli modig og nyskjerrig igjen. Og eg skal slutte å ville grine kvar gong eg ser på han.

Alle tinga eg kunne gjort, eg kunne hoppa mot bilen, eg kunne kasta meg etter Gaul, eg skulle aldri ha sluppe han i skogen, eg svikta han. Eg er den som skal halde dyra mine trygge. Trygge og glade. Eg fikk ikkje det til. Det er noko eg må lære meg og takle. Og eg får jobbe enda hardare får å passe på dei framover.

Ditte skal vi klare Gaul. Du blir frisk igjen. Eg blir frisk igjen. Vi er dei sterkaste i heile verden. Og vi skal lett fullføre turen vår i Mai. Eg og du

/Maria

En kommentar om “Når angsten blir realitet.

  1. Tilbaketråkk: Halve Bipolar Ekspedisjonen | Bipolar Ekspedisjonen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s